fredag, mars 23, 2007

Du gamla du fria...

Eg var på ein snarvisitt til Stockholm forrige helg for å besøka Mari(Stølen),

det var riktig så fornøyelig ettersom eg var i godt selskap. Saman gjennomførte me konseptet: "Turist for ein dag", der Mari var guide og eg var håplaus romantikar.

Lat meg få forklara nærmare: Som ein del av dåke kanskje veit (Mamma garantert) har eg skrive oppgåve i det siste, nærmare bestemt diktanalyse med den romantiske era som siktemål. Som turist tok eg sjølvsagt ein god kvote med bilete, og i sann "naturdikt tradisjon" er det svært få menneske på bileta mine...

Følte ein sterk trang til å forklare dette, sånn i tilfelle folk skulle byrje å betvile mine sosiale evner. Eg kan forsikra mine bekymra lesarar at dei er intakt og vel så det! Her kjem bileta:


Over: Eit lite snev av "going back to my roots"

Hjelp! Marianne følger etter meg...
Ei eller anna kyrkje i Gamla stan (var ikkje flink nok til å høyre etter på det turguiden sa..)